20-åring frå Stord omkom i Spania
Nordmannen som torsdag ettermiddag blei funnen død i Marbella i Spania, var frå Stord, skriv Stord24.
Politiet frigir namnet på den omkomne i samråd med dei pårørande. Det var 20 år gamle Even Vinsjevik Ervik som vart funnen død. Saka blir etterforska av spansk politi.