Hopp til innhold

Hestar var i isolasjon i Sogn

Fleire hestar var i isolasjon og ein døydde etter at det vart påvist hestekoronavirus (eCov) ved Sogndal Køyre- og Rideklubb. Sjukdommen har vore kjent sidan 2010 og er ikkje det same viruset som forårsakar covid-19. – Det er uvanleg at hestane dør av det, seier Siv Hanche-Olsen ved veterinærhøgskulen til porten.no.