Hopp til innhold

Trafikkuhell i Etne

Ved midnatt fekk politiet melding om ein bil som hadde velta på E13 mellom Ølen og Etne. Det var ein person i bilen, som vart sett til av helsepersonell. Vedkommande var bevisst. Skadeomfanget er ukjent. Årsaka til veltet kan vere at bilen køyrde i ein stein. Vegen er open.