Har avhøyrt 40 personar i Svelgen
Politiet ventar framleis svar på den førebelse obduksjonsrapporten etter at ein 58 år gamal mann vart funnen død på det flytande hotellet i Svelgen i helga. Politisjef i Bremanger Espen Gulliksen vil førebels ikkje seie kva dei meiner har skjedd. Førebels er ingen sikta eller mistenkte. Inkludert rundspørringa, har politiet avhøyrd kring 40 personar.