Satsar 50 millionar på landstraum
Eigaren av den private cruisekaien i Skjolden, Oddvar Røysi, vil bruke 50 millionar kroner på å byggje eit landstraumanlegg for cruiseskip. – Dersom eg ikkje får statleg hjelp, får eg finansiere dette sjølv, seier Røysi til Sogn Avis.