Nominert til årets cruisehamn
Olden kan verte årets cruisehamn i verda. Bygda er ein av tre finalistar saman med hamner i Japan og Kroatia. Olden vart nominert til det same også for to år sidan. Hamna har fått mykje merksemd ute i verda for måten dei har tilrettelagt området for cruiseturistane, i tillegg til gode aktivitetstilbod.