Ny runde med kraftig regn
Til helga er den venta ein ny runde med mykje nedbør på Vestlandet. På sundag er det lokalt venta mellom 50 og 70 millimeter med regn. – Vi får ikkje same problem med snøsmelting som vi hadde førre helg. Det er venta lågare temperaturar, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fargerlid.