Hopp til innhold

Godstog fekk problem på Myrdal

Eit godstog på veg til Bergen måtte byta lokomotiv på Myrdal i natt. – Godstoget stod difor parkert der i natt. Det vil påverka trafikken på Vossabanen noko, men det er ikkje snakk om store forseinkingar, seier pressekontakt Olav Nordli i Bane Nor.