Hopp til innhold

Avslørte mange feil

Under ein kontroll av tyngre køyretøy på Håbakken i Lærdal i natt vart ein utanlandsk sjåfør for andre gong i år, meld for grove brot på køyre- og kviletida. Her vert også firmaet meldt for å ikkje legge til rette for at sjåførane kan følge køyre og kviletidsreglane. I tillegg vart tre estiske køyretøy på prøveskilt pålagde å skaffe norske prøveskilt før vidare køyring. To førarar vart melde for å mangle alt lys bak på køyretøy og hengarar.