Veit ikkje kvifor bil tok fyr
Politiet har framleis ikkje funne svar på kvifor ein hybridbil byrja å brenne i Almenningstunnelen i Vågsøy sist veke, det skriv Fjordenes Tidende. Kvinna som var i bilen kom uskadd frå det, etter at ho klarte å få bilen ut av tunnelen før flammane tok tak for alvor. Lensmann i Vågsøy, Nils Bakke, seier til avisa at dei må sjå kva svar dei kan få av ei teknisk undersøking som skal gjerast neste veke.