Hopp til innhold

Sjåfør køyrde brennande hybridbil gjennom tunnel

VÅGSØY (NRK): Då det byrja å brenne i hybridbilen, valde kvinna å køyre den brennande bilen gjennom tunnelen.

Brann i hybribild

BYRJA BRENNE: Hybridbilen har fått store skader i brannen.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Jan Arild Nervik

PÅ STADEN: Politibetjent Jan Arild Nervik.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Når situasjonen var som den var, utan opne flammar og ingen røyk inne i bilen, har det gjort arbeidet mykje enklare. Det blei heller ikkje røyk inne i tunnelen, seier politietbetjent Jan Arild Nervik.

Brannsjef Kim Hjelle i Vågsøy tykkjer også det er bra at den kvinnelege sjåføren klarte å komme seg ut av tunnelen.

Kim Hjelle

ROSAR SJÅFØREN: Brannsjef Kim Hjelle og resten av brannmannskapet fekk kontroll på brannen.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det er bra at folk tenkjer dei må komme seg ut av tunnelen før dei stoppar, om dei klarar det. Tunnelen hadde blitt full av røyk om den hadde stoppa 30 meter lenger inne, seier han.

Politiet fekk melding om hendinga like etter klokka 07:00. Det var ein hybridbil som tok fyr i den 342 meter lange tunnelen. Den kvinnelege sjåføren merka røyklukt i bilen på veg gjennom tunnelen, då ho var komen ut stod flammane opp.

– Det var ein person i bilen og vedkommande har kome seg ut av bilen, seier vaktleiar Espen Rysjedal ved 110-sentralen i Florø.

Bilist Fredrik Egeberg kom køyrande då han såg bilen som stod utanfor tunnelen.

– Eg kom frå retning Måløy og då såg eg bilen stod utanfor. Det rann væske ut av den. Når eg kom tilbake var tunnelen stengd og full av bilar, men vi rygga ut att.

– Opplevde du dramatikk då du kom til tunnelen?

– Vi såg skin av flammane i tunnelveggane, så alle forstod at dei måtte rygga ut av tunnelen. Ei dame tok på vest og fekk stoppa trafikken, seier han.

Kø ved Almenningstunnelen

LANGE KØAR: Mange bilar står i kø ved tunnelen.

Foto: Bjarne Eldevik

Vegen har vore stengd og det danna seg lange køar på staden. Det var ei stund manuell dirigering på staden før den blei opna for fri fersel.

Klokka 08:20 seier Kai Henning Myklebust ved operasjonssentralen til politiet at brannen er sløkt og at staden er rydda.

– Bergingsbil har vore på staden og vegen er venta å opne snart.

Han veit ikkje kva årsaka til brannen var.

– Det er for tidleg å seie. Politiet har vore på staden og gjort undersøkingar og saka blir følgt opp.

Kø ved Almenningstunnelen
Foto: NRK.no-tipsar
Almenningstunnelen