Skamo Hope på landslaget
Jon Rolf Skamo Hope (Hyen) er teken ut på juniorlandslaget i langrenn. Hope tok i vinter to NM-gull for junior og gull på stafetten under junior-VM. – Jon Rolf har vist ein imponerande læringsvilje og innsats over tid som gjer at han var eit naturlig val under arbeidet med landslagsuttaket, seier landslagstrener Geir Endre Rogn.