Hopp til innhold

Arrestert for skadeverk i kyrkja

Ein 20 år gamal mann er arrestert, sikta for å ha utført skadeverk inne i Eid kyrkje natt til torsdag. Politiet kom og arresterte mannen etter at alarmen i kyrkja vart utløyst. Politiet vil førebels ikkje seie noko om kor omfattande skadeverket er, men opplyser til NRK at mannen sit i arresten og skal avhøyrast torsdag.