Hopp til innhold

Har tapt millionar på E16-raset

Turistnæringa har tapt fleire millionar kroner kvar dag etter at E16 i Gudvangen vart stengt av eit ras tysdag denne veka. Det seier Arthur Kordt i selskapet European Cruise Service til Bergens Tidende. Kordt seier stenginga av europavegen mellom anna har gjort det vanskeleg for dei å få bussar og turistguidar inn til Flåm, då desse held til på Voss. Raset har ført til at mange turistar har måtte avlyse sine overnattingar og utflukter i området.