Hopp til innhold

Får likevel lov til å reise

Psykisk utviklingshemma i Bergen får likevel reise på ferie i sommar, seier byråd Rebecca Ljosland. NRK fortalde i dag det hadde gått ut beskjed frå kommunen om at dei som bur i bufellesskap ikkje lenger fekk lov til å reisa. Ljosland seier dette ikkje er politisk handsama, og at reisene held fram inntil vidare.