Hopp til innhold

Førde med siger mot Os

Førde vann i ettermiddag 27-18 over Os i 2. divisjon i handball for kvinner. Kampen gjekk i Førdehuset. Det gjer at Førde akkurat no toppar tabellen med 22 poeng, føre Sotra med 21 og Fyllingen med 20. Men Fyllingen har tre kampar mindre spelt enn Førde, Sotra har ein kamp mindre spelt.