Hopp til innhold

Vil berge båttilbod

Selje kommune vil prøve å berge båttilbodet som fraktar turistar til Selja kloster. Det seier assisterande rådmann og økonomisjef Geir Kvisten. Fjordenes Tidende skriv i dag at kommunen står i fare for å miste tilbodet. Årsaka er at Vestkapp Båtservice som har drive ruta har lagt inn eit høgare anbod enn kommunen har budsjettert for. Dei ekstra pengane treng dei for å kjøpe ein ny båt. Men no har bedrifta også fått konkurranse. Difor vil ikkje økonomisjefen seie noko om kommunen er villige til å betale 200.000 meir i året for å halde på båtruta.