Hopp til innhold

NFF føreslår nytt seriesystem

Norges Fotballforbund ønskjer å endre seriesystemet i norsk fotball, det skriv Firda. Ønsket er å heve kvaliteten i toppen og gje klubbane nedover i divisjonane kortare reiser. Ordninga trer i kraft frå 2017 og forslaget er å redusere Tippeligaen og 1. divisjon med to lag kvar, kutte 2. divisjon frå fire til to avdelingar og innføre ein ny 3. divisjon med fire til seks avdelingar med 14 lag. 4. divisjon får mellom 12 og 14 avdelingar oppdelt etter geografi. Den endelege tilrådinga kjem i oktober før saka blir sendt ut på høyring.