Hopp til innhold

VALDSSIKTA SLEPPT FRI:

Mannen som er sikta for vald mot ein 39 år gamal mann i Damsgårdsveien denne veka, er sleppt fri av politiet. Det skriv Bergensavisen. – Vilkår for fengsling er ikkje til stades, men siktinga gjeld framleis, seier politiadvokat Janne Heltne til avisa. 39-åringen vart lagt inn på Haukeland med alvorlege hovudskadar onsdag.