Hopp til innhold

Ein av tre reiselivsbedrifter fryktar konkurs

Reiselivet står på kanten av stupet allereie, og mange held no pusten framfor neste sommar. Det kan bety vinn eller forsvinn for mange.

Otternestunet i Aurland

URO: Reiselivet fryktar det kan kome eit ras av konkursar i tida framover, og særleg om det blir ein tredje sesong med pandemi og restriksjonar. I Aurland er dei utanlandske turistane særs viktige.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Bekymringa er stor, seier Merete Habberstad, kommunikasjonsdirektør i NHO Reiseliv.

Dette kjem fram i ei undersøking blant medlemmene, som blei gjort den andre veka i desember.

Her seier 34 prosent at det er ein reell risiko for at dei går konkurs på grunn av pandemien.

Truleg har situasjon forverra seg endå meir i takt med nye restriksjonar, meiner NHO Reiseliv.

Heile 8 av 10 av dei spurde, trur situasjonen vil forverre seg det neste halvåret. Mange slit allereie med å betale rekningane sine, og nær alle fortel om lågare etterspurnad.

Tala er henta frå NHO OG NHO Reiseliv sin medlemsundersøking 17.april 2020- 4.oktober 2021

STOR NEDGANG: Grafane syner NHO (grøn strek) OG NHO Reiseliv (blå strek) sin medlemsundersøking 17. april 2020- 4. oktober 2021. Her kjem det fram at det har vore 50 prosent omsetnadsfall dei siste fire vekene samanlikna med same periode i fjor.

Habberstad seier det er heilt avgjerande at «unødvendige restriksjonar» blir oppheva så raskt som råd. Først i 2023 eller i 2024 vil straumen av utanlandske turistar vere som før, trur NHO Reiseliv.

Merete Habberstad

TØFT: – Det er avgjerande at reiselivsbedriftene får støttetiltak så lenge dei ikkje kan ha normal drift, seier Merete Habberstad, kommunikasjonsdirektør i NHO Reiseliv.

Foto: Per Sollerman / Per Sollerman

Tøft for suvenirbutikkane

– Vi prøver å halde det gåande, men får vi ein sesong til med dårlege tal, så blir det forferdeleg vanskeleg.

Det seier Hallvard Viken, som driv ein stor suvenirbutikk, Audhild Vikens Vevstove, på Skei i Jølster i hjarta av Sogn og Fjordane.

Hallvard Viken

UROLEGE: . – Vi som har suvenirbutikkane er blant dei største taparane innan reiselivet, seier Hallvard Viken i Audhild Vikens Vevstove på Skei i Sunnfjord kommune.

Foto: Steinar Lote / NRK

Butikken er ein del av kjeda Audhild Viken, som totalt har åtte suvenirbutikkar rundt om i landet. Dei er heilt avhengige av at det kjem utanlandske turistar til Noreg, noko det har vore svært lite av dei to siste sesongane.

Butikken til Viken hadde i juni månad i år ein nedgang på 85 prosent samanlikna med juni 2019. Også dei slit med å betale rekningane, og den statlege støtta er langt frå nok, seier Viken.

– Dramatisk nedgang i år

For turistbygda Flåm i Aurland i Sogn enda årets sesong på 20- 25 prosent av omsetninga i eit normalår.

– Vi hadde ein dramatisk nedgang, og det seier litt om kor mykje som er vekke av marknaden, seier Arve Tokvam i Norways` Best, tidlegare Visit Flåm.

Dei utanlandske turistane utgjer 90 prosent av dei besøkjande.

– Om dei ikkje kjem, får det store konsekvensar, seier Tokvam.

I sesongen 2018/2019 utgjorde nemleg turisme 70 prosent av all næringsinntekt i kommunen.

Arve Tokvam i Flåm AS

DRAMATISK: Flåm er avhengige av dei utanlandske turistane, seier Arve Tokvam i Norway`s Best. Særleg var båttrafikken på Nærøyfjorden og Flåmsbana dei store taparane, samt suvenirbutikkane, etter dei siste to sesongane.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– No går vi inn i den tredje sesongen der den viktigaste marknaden kan forsvinne. Det tærer nok på for mange, seier Tokvam.

Forsiktig optimisme

På kontoret i Bergen er det forsiktig optimisme hos Arthur Kordt, administrerande direktør i European Cruise Services. Sommaren 2022 har dei booka inn anløp på norskekysten på same nivå som før pandemien.

– Fleire av reiarlaga melder om rekordkjøp av billettar, så dersom alt går vegen, kan det bli ein rekordgod cruisesesong, seier Kordt.

– Men kva om det ikkje går vegen?

– Då har vi ein eksport på 15 milliardar kroner som ikkje kjem, seier han, og viser til at dette også råkar alle andre som tener pengar på cruisetrafikken.

Reiselivsdirektør i Bergen, Anders Nyland, seier dei er avhengige av dei utanlandske turistane, men også dei som kjem til Vestlands-hovudstaden på jobbreise. Dette har det vore svært lite av dei siste åra.

– At dette skjer akkurat no, er ekstra dramatisk, for det er i juleferien mange planlegg neste års ferie.

Hentar inn det meste av inntektene frå sommaren

Hotella er også spente framfor neste sommar. For eit av dei store turisthotella på Vestlandet, Hotel Alexandra i Loen i Nordfjord, kjem 2/3 av verdiskapinga til selskapet gjennom dei tre sommarmånadane.

Hotel Alexandra

SPENTE: Dei siste to åra har det ikkje vore utanlandske turistar på hotellet, men til gjengjelde har ekstra mange nordmenn teke turen.– Eg trur vi kan få ein grei sesong neste år, seier hotelldirektøren Richard Grov ved Hotel Alexandra i Loen i Nordfjord.

Foto: HOTEL ALEXANDRA

– Det er då vi legg grunnlaget for heile året, seier Richard Grov, administrerande direktør.

Han håpar og trur at neste års sommar kan bli grei nok, og at han har jobb til alle dei 450 tilsette i selskapa.