På same måte som Hemnes Kommune fekk dei fyrst informasjon på norsk, men den var annleis enn den engelske informasjonen dei fekk ein månad seinare.
Rådmann i Vik, Nils Gunnar Myrkaskog, seier det er to heilt forskjellige produkt. Og at dei no vil ha nokon til å sjå på dette.
Meir utfyllande i den engelske teksten
Myrkaskog fortel at det i teksten dei fekk stod svart på kvitt at risikoen var liten. Basert på den gjekk dei inn for å kjøpe produktet gjennom Terra Securities. Som var å investere 38,5 millionar kroner i amerikanske obligasjonar.
- I tillegg til samtalar vi hadde her på kontoret, så vart det vurdert at dette produktet kunne vi kjøpe, seier rådmannen.
Men rådmannen fortel at vel ein månad etter at dei hadde skreve under, fekk dei ytterlegare informasjon. Men denne gong på engelsk og den var meir utfyllande om risikoen dei tok. Dette likar slett ikkje Myrkaskog.
- Det er jo den norske informasjonen vi held oss til. For det er enklast å lese. Og det er jo ikkje bra, seier rådmannen.
Krev forklaring frå Terra
Marta Finden Halset
Foto: Sindre Løkstad / NRKNo krev Vik kommune at Terra kjem og ryddar all tvil av banen i høve den risikoen dei tek. Det seier ordførar Marta Finden Halset.
- Vi har fått forsikring frå Terra om at Vik er i ein forholdsvis sikker situasjon, sett i høve til nordlandskommunane, seier ho.
Terra kjem til Vik den 28. november for å orientere i eit ope kommunestyremøte.
- Hadde eg visst det eg veit i dag, hadde eg ikkje anbefalt at vi skulle gjere denne investeringa, seier rådmann Nils Gunnar Myrkaskog.
Terra seier dei undersøkjer saka og har difor førebels ingen kommentar.