Hydro har tidlegare sagt nei til sal av verket i Høyanger, men no meiner Longva at Brende må leggje same press på sal i Høyanger som det han har gjort i Skien.
- Signala frå leiande politikarar og ikkje minst frå næringsministeren peikar klart mot at Hydro bør vurdere eit sal.
Hydro sa nei til sal
Kanadiske Timminco og det norske Vest Aluminium freista å få Hydro til å selje verket i Høyanger. Timminco var med lengst, men etter lange tingingar bestemte Hydro seg for å seie nei til sal. Og det gjer framtida usikker, seier Longva.
Hydro bør selje, meiner ordføraren i Høyanger. Arkiv NRK.
- Verket i Høyanger blir så lite at ut frå Hydro sine tal blir det lagt ned i 2011. Og vi er avhengige av flytande metall for å halde Fundo - som er den største arbeidsplassen - i gang, seier Longva.
Men etter det presset som regjeringa no har lagt på Union-eigarane i Skien, meiner høyangerordføraren at dei også må sjå på sal av Hydro på nytt.
Ikkje overproduksjon
I Union-saka i Skien har eigarane argumentert med at det ikkje er marknad for meir papir. I Høyanger er det snakk om aluminium, og der er det i alle fall ikkje snakka om ein metta marknad, seier Longva.
- I dag er det mangel på aluminium i den europeiske marknaden. Dessutan er dette eit så lite verk at det ikkje betyr noko, trur Longva, som skal møte næringsminister Brende den 24 august.