Hopp til innhold

- Tøff periode, seier Embla Belsvik

– Nokre stormar står du av, og så kjem du styrka ut, seier Unge Høgre-leiar Embla Belsvik om konflikten med partifelle Jacob Nødseth.

Embla Belsvik
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Embla Belsvik vart i helga attvald som fylkesleiar i Unge Høgre. Ho vil ikkje seie så mykje om konflikten med Nødseth, no vil ho sjå framover.

LES OGSÅ: Nødseth skal ha sendt sjikane-sms til Belsvik

LES OGSÅ: Bitter personkonflikt mellom unge Høgre-profilar

– Sjølvsagt har det vore ein veldig tøff periode det eg har vore gjennom no, men eg bretter opp ermene og ser verkeleg fram til ein ny periode. Eg tenker at denne stormen står eg av, og så lærer vi av det alle.

LES OGSÅ: Skal leie nesten reint jentestyre

Embla Belsvik fekk meldingar frå Nødseth som skal ha gått ut på at han kunne bruke kontaktane sine i partiet for å sette ein stoppar for hennar politiske karriere, men med attvalet som fylkeleiar meiner ho at ho har synt at ho ikkje let seg stanse av slikt.

– Det å gje seg når du får litt motvind trur eg er uheldig, for nokre stormar står du gjennom, og så kjem du kanskje styrka ut av, og no er eg attvald som fylkesleiar

– Når du melder deg inn i politikken så er det fordi du trur du kan gjere ein forskjell. Unge Høgre har faktisk eit skagord som seier: ”Du gjer ein forskjell”. Einskildpersonar kan vere med og påverke og gjere samfunnet litt betre i forhold til det dei trur på.