Hopp til innhold

- Streik er ei plage for uskuldige

Folk har svært delte meiningar om streiken i kommunane.

Streikevakter utanfor Amfi i Florø.

Streikevakter utanfor kjøpesenteret Amfi i Florø.

Foto: Simon Solheim/NRK

Lønnsoppgjøret 2010

Mykje vil ha meir, og meir får aldri nok!

Anonym sms til studio

I morgonsendinga på NRK Sogn og Fjordane fekk lyttaren spørsmål om streik er eit godt verkemiddel eller om det er ein uting.

Streikande i Florø

Streikande i Florø.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Og lyttarane dei hadde mange meiningar om streiken.

Arne Johan Vereide frå Sandane skreiv inn på sms at han synest det heile var gått for langt. Og han meiner at alle støttar likhetstanken for alle som er i streik når det er lønn for likt arbeid.

Vi er eit "bortskjemt" samfunn som berre krev meir og meir og snart tek det vel slutt på godene vi har i Norge. Burde vore løns- og prisstopp for lenge sidan. Denne utviklinga går ikkje lenger, og det må folket snart forstå.

Arne Johan Vereide

Trond meiner at streik er ein uting, og at vi er bortskjemde.

Medan Jorunn synest det er veldig viktig at Fagforbundet ikkje gjekk med på at 'likelønspotten' gjekk til lokale forhandlingar. Ho meiner det aldri ville vorte rettferdig.

Torunn Refvik, Turid Strand og Harald Ellingsen

Torunn Refvik, Turid Strand og Harald Ellingsen står streikevakt i Måløy.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det same skreiv Nils Ola inn på sms. Han meiner at når alt anna er prøvd utan at vi har oppnådd likeløn, er streik eit lovleg og rett våpen i denne svært viktige kampen. Lukke til alle som kjempar for likeverd.

Streik er et utdatert verkemìddel.

Sms til studio

Rita-Therese Thorsnes Herland frå Atløy meiner at det berre skulle mangle at alle som har lik utdanning har lik lønn.

Det same skreiv Per Tore Molland frå Indre Hafslo på sms til NRK Sogn og Fjordane.

- Streik er ei plage for uskuldige, men dei skuldige er arbeidsgjevar som sit på gjerdet og ser på utan å reagerar, seier Inga Reidun Sjøthun frå Luster.

Men Bjørn derimot meinte at streik berre er tull. Han oppmoda heller om å gje skattelette i staden for å auke lønningane.

Vi prisar oss vekk frå resten av verda

Bjørn

- Like lang utdanning krev lik løn, det er soleklart. Dessutan er det desse folka vi treng mest, seier Målfrid Skaar frå Dale.

Ragnar gjev si fulle støtte til dei streikande med denne meldinga; Stå på og krev lønn! Snart på tide at dei på golvet byrjar å tene pengar. Lurer på om dei i storting og regjering godtar eit tillegg på 1 krone timen?

- Tek ein bort streikeretten for arbeidaren vert det arbeidsgjevaren som alltid har rett, meiner Anna Sofia Skaar frå Vadheim .

Det er på tide at vi får like løn for likt arbeid uansett kjønn! Difor støttar eg streiken! Stå på de som streika - ikkje gi opp!

Anonym sms til studio

Kva meiner du om streiken? Sei di meining!