Hopp til innhold

Trappar opp streik i Førde

Organisasjonen Delta varslar uttak av ytterlegare 13 tilsette i den pågåande streiken.

Det skjer dersom streiken blir trappa opp frå onsdag 2. juni. Totalt vil det då vere 36 streikande i Førde kommune.

Til no har hovudsaka av dei 23 tilsette arbeidd i Hafstadvegen 21. Førebels har ikkje streiken råka skular, barnehagar eller helse- og omsorgstenesta.

No vil streiken derimot føre til redusert tilbod ved skulefritidsordninga til Slåtten skule. I tillegg vil ekspedisjonstenesta for helse og barn bli noko redusert.

Kommunen er også i gang med å finne alternativ løysing for at bebuarane på helsetunet skal få mat. Tilsette ved kjøkkenet er mellom dei som blir tekne ut i streik.

Psykisk utviklingshemma vil få dårlegare tilbod. Truleg vil heile kantinetensta på Berge falle vekk. Tunge brukarar vil ikkje bli råka av streiken, opplyser kommunen.