Hopp til innhold

Trappar opp streiken

403 kommunetilsette er no i streik. Borna vert råka.

Streikande i Florø

Ståle Solheim, teknisk oppsynsmann, Eli Østerbø, hovedtillitsvald Fagforbendet i Flora, Karen Margrethe Stubhaug, barnehageassistent

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

- Me har streikevakter på 19 arbeidsplassar. Dei som tilhøyrer arbeidsplassane, er altså ute og står vakter, seier Eli Østerbø, hovudtillitsvalgt i Fagforbundet.

Rammar heile fylket

Florø barneskole

Florø braneskule

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I dag trappar streiken i kommunane opp, og 403 tilsette vert tekne ut i streik i Sogn og fjordane. Det er ei opptrapping på 145. Forbundet Delta har teke ut 36 personar i Førde i streik. Medan Fagforbundet i Flora, Vågsøy og Årdal tilsaman tek 367 medlemmer ut i streik.

Les også: Over 5000 kommuneansatte i streik

Les også: 45.000 ut i streik i dag

SFO tilbodet på Florø barneskule vert hardast råka i dag. Skulen har valgt på stengje tilbodet, sidan 18 tilsette der er i streik. Åtteåringen Sivert synest det er leit. Han har ei klar formeinig om kva streiken går ut på.

Slik råkar streiken i Florø:

* Fagarbeidarar og assistentar i skule, barnehage og SFO tekne ut i streik.

* Dei fleste reinhaldarane, med unntak av omsorgstenesta

* Vedlikehalds- og teknisk personale

* Tilsette ved økonomiavdelinga og tenestetorget

* Tilsette ved samfunnshus, kino, biliotek

* Havhesten og Flora hamn.

Foreldra må ta seg av ungane sjølve

- Nokon kranglar. Viss nokon kjem på ei god idé og nokon seier "ja", så ver det ikkje streik. Men viss dei held fram å krangla, vert det streik likevel.

Østerbø fortel dei har budd seg lenge på streiken og kven dei skal ta ut.

- Skular, barnehage, SFO. Så er det kultur og Havhesten. Vaktmeisterara og reinhald, men ikkje dei som jobbar i omsorgstenesta.

- Korleis vil innbyggjarane i Flora råka i dag?

- I dag er det slik at foreldra kanskje må ta seg av ungane sjølve.

8-åring ber dei vaksne tenkja

Sivert har ein ide om kva som skal til for at partane i konflikta skal klare å bli samde.

- Då må dei fyrst tenka og koma på ein god idé, og så må ein annan seia "ja".