Hopp til innhold

- Solund får minst, Årdal mest

Med ein inntektsvekst på berre to prosent, etterlyser ordførar Gunn Åmdal Mongstad i Solund ei ny vurdering av inntektssystemet til kommunane.

Gunn Mongstad
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Med ein vekst på to prosent i inntektene, er Solund kommunne den store taparen i kampen om pengane til kommunane. I andre enden av statistikken finn ein Årdal kommune med inntekstvekst på over seks prosent.

- For meg er det eit uttrykk for at systemet vi har ikkje fangar godt nok opp denne typen kommunar. Ein må sjå på inntektskriteriene og fordelingsnøkkelen til kommunane, seier Gunn Åmdal Mongstad.

- Kan kutte meir, men...

Kommunen plar komme dårleg ut i kampen om pengane. Åmdal Mongstad er difor ikkje overraska over tala som vart lagt fram klokka 10 i dag.

- Vi har allereie ei utfordring frå før, som vi har byrja å jobbe med. Det som er presentert gjer det ikkje lettare for oss. Det er alltid mogleg å kutte meir, men då får ein konsekvensar som ein ikkje ynskjer, seier ho.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TABELLEN. TALA ER VEKST FRÅ ANSLAG PÅ REKNESKAP 2009-2010)

Så mykje får kommunane

Kommune

Vekst i kroner (i 1 000 kroner)

Vekst i prosent

Flora

17 173

4,3

Gulen

3 239

2,8

Solund

818

1,6

Hyllestad

4 198

5,9

Høyanger

7 202

4,1

Vik

4 141

3,4

Balestrand

1 714

2,4

Leikanger

3 068

3,9

Sogndal

10 573

4,7

Aurland

2 409

3,2

Lærdal

3 838

4,0

Årdal

12 235

6,0

Luster

8 147

4,1

Askvoll

6 590

4,9

Fjaler

3 884

3,1

Gaular

4 759

4,1

Jølster

3 915

3,2

Førde

15 450

4,3

Naustdal

2 778

2,6

Bremanger

8 235

4,7

Vågsøy

8 403

3,8

Selje

4 687

3,9

Eid

6 553

3,3

Hornindal

2 807

4,8

Gloppen

9 007

4,0

Stryn

10 261

4,1

Sogn og Fjordane

166 774

4,1

Sogn og Fjordane fylkeskommune

180 287

10,5

Ekspander/minimer faktaboks

Kjelde: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Nøgd Navarsete

Samferdsle og kommuneøonomien er dei store vinnarane i regjeringa sitt framlegg til Statsbudsjett. Senterpartileiar, og samferdsleminister, Liv Signe Navarsete er godt nøgd med auken til kommunane i fylket.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER AVSTEMMINGA)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Veksten totalt sett er på 4,6 prosent. For kommunane betyr det ein vekst på 186,5 millionar kroner. For fylkeskommunen nesten like mykje, på 185,7 millionar kroner, seier ho. Tala partileiaren refererer til gjeld vekst i høve revidert nasjonalbudsjett som kom i mai.

Mest til Florø

- Samla sett er det nok bra for kommunane, men eg er ikkje veldig overraska over at vi kjem så dårleg ut. Vi er ein liten kommune og ser at vi kjem under snittet for vekst, både på fylkesbasis og landsbasis, seier Åmdal Mongstad.

LES OGSÅ: - Hadde aldri venta ein slik auke

Kronemessig kjem Florø høgast ut med 17 millionar kroner, og Førde med 15,5 millionar kroner. Dei får ein inntektsvekst på kring 4,9 prosent.

KVA MEINER DU OM STATSBUDSJETTET? SEI DI MEINING UNDER: