Lien er ikkje blid på Hans Heintzberger, dagleg leiar for opplæringskontoret for hotell- og næringsmiddelfag, som han meiner heng ut ungdommen som giddelause slaurar.
Får ikkje lærlingplass
Det var i går Heintzberger refsa giddelause elevar som skulkar. Han hevdar at skulk fører til at 60-70 prosent av elevane innan hotell- og næringsmiddelfag ikkje får lærlingplass. Han seier at dei elevane som ikkje får lærlingplass går ei tøff framtid i møte. - Elevane forstår ikkje kor ille det kan gå om dei har fråver. No må først og fremst foreldra ta tak i dei, seier han.
Ikkje overraska over skulking
Eldar Lien meiner det er skulen som må ta eit større ansvar. Lien er ikkje overraska over at yrkeskuleelevar skulkar, når lærarane er umotiverte og det pedagogiske opplegget er dårleg. Lien meiner at sjukefråveret er høgt blant lærarane og at vikarane deira er umotiverte.
Rektor er usamd
Rektor ved Måløy vidaregåande skule, Karl Ottar Rundereim, er sterkt usamd med Lien.
- Vi har gode pedagogiske opplegg og flinke lærar som er motiverte for jobben sin. Vi har heller ikkje spesielt stort fråver blant lærarane på vår skule, seier Rundereim.