Nordfjord sjukehus. Arkivfoto NRK
Då framlegget til endringar kom blei det møtt av massiv motstand. Helse Førde vil legge blautdelskirurgien til Førde, men i Nordfjord og Sogn meiner mange at dette vil føre til alfor lange reiseavstandar.
- Styrka ambulanseteneste
No har Sosial- og helsedirektoratet gjort ei vurdering av konsekvensane av endringane, og dei meiner at det er fagleg forsvarleg. Dei viser blant anna til at Helse Førde har styrka ambulansetentesta, og at det berre for enkelte av transportane vil føre til lengre køyretid.
Lærdal sjukehus. Arkivfoto NRK
Må ha akutt blautdelskirurgi
Elles føreset Sosial- og helsedirektoratet at Helse Førde ser til at det er personale i Lærdal og på Nordfjordeid som kan ta seg av akutt blautdelskirurgi før pasientane blir sende vidare.
Vil ikkje kommentere enno
Sjølv om innstillinga er positiv for leiinga i Helse Førde, vil ingen der kommentere saka før den endelege avgjerda kjem frå departementet. Men at departementet skal kome til ein annan konklusjon enn sin eigen faginstans er lite truleg. I Nordfjord greier sjukehusforkjempar Svein Hansen ikkje å legge skjul på at han er skuffa.