Anne Slåtten. Privat foto
Mor til Anne Slåtten, Marta Slåtten, tok i dag plass i vitneboksen og fortalte om seg sjølv og familien sin og gardsbruket dei bur på. Ho blir ført som vitne i erstatningssaka som familien har reist mot den drapsdømde Øyfred Henning Standnes.
Den drapsdømde fylgde med
Nede i salen sat fleire av familiemedlemmene og høyrde på at mora sat i vitneboksen og med forsiktig stemme fortalde om kor forferdeleg tida etter drapet på dottera hadde vore. - Ein får jo sjokk, sa ho på spørsmål frå bistandsadvokat Rune Tysse om korleis det var å få beskjeden. Rett ved sidan av vitneboksen sat mannen som er dømd for drapet på dottera, han såg på mora og følgde med på det ho sa.
- Ser for meg det som skjedde
Mora fortalte at ho måtte ta sovetablettar for å sove om nettene. -Eg ser for meg plassen og alt som skjedde, sa ho frå vitneboksen i dag. - Eg brukte til slutt så mykje krefter at eg måtte sjukmelde meg. Eg har prøvd å kome seg attende på jobb, men eg er framleis hundre prosent sjukmeld.
Faren og sterkt prega
Med gråt i stemma sa ho at ho ikkje visste når ho ville klare å kome tilbake til jobb. - Mannen min er også sterkt prega, han har ikkje den gnisten han hadde. Men han gjer jo det som må gjerast på garden, sa ho då bistandsadvokaten bad ho fortelje om mannen.
Greier ikkje noko sosialt
Marta Slåtten fortalde at dei ikkje greier å gjere noko sosialt, men at dei begge går i sorggruppe i lag med andre som har mista ungdomar.
Søstera greidde ikkje ta eksamen
Mora fortalte også om at det var tøft for søstrene til Anne Slåtten. Den eine søstra greidde ikkje å ta eksamen. - Dei var jo sterkt knytte til kvarandre, desse søstrene, og dei hadde Anne som førebilete. Det vart tøft, sa mora og kikka bort på bistandsadvokaten.
- Måtte få svar
Bistandsadvokaten ville vite korleis rettssaka har vore. - Det har vore ei voldsom påkjenning. Men vi har vore der for å få svar, svarte mora.
- Kjærasten god støtte
Også kjærasten til Anne Slåtten har vore med under heile rettssaka. - Han har vore ei veldig god støtte for oss, sa mora. Men det er jo tøft også, for vi var jo vande til å sjå ho sitje smilande ved sidan av han.