Også eit anna vitne, ei mørkhuda jente frå Sunnfjord, fortalte om rasistiske uttrykk frå ein av dei tiltalte i dag. Ho sa den tiltalte hadde brukt rasistiske uttrykk mot henne direkte. Dette skal ha skjedd i Førde.
Kritiserte politiet
Advokat Odd Arne Nilsen, som tidlegare representerte ein av dei to tiltalte, kom i dag med kritikk mot politiet si etterforsking kring dødsfallet. Han ba fleire gonger om at politiet skulle gjennomføre ein rekonstruksjon av kvelden Arve forsvann, men dette blei ikkje gjort. Han sa også at han skreiv mange brev om det han oppfatta som ei mangelfull etterforsking.
La fram obduksjonsrapporten
Obduksjonsrapporten blei lagt fram i retten i dag. Den konkluderte med at det ikkje fanst synlege omfattande skader på Arve då han blei funnen drukna.