Hopp til innhold

- Regjeringa sviktar dei fattige

Toppkandidaten til Sogn og Fjordane Venstre meiner regjeringa sviktar dei rundt 1000 fattige borna i Sogn og Fjordane.

Sveinung Rotevatn

- REGJERINGA SVIKTAR: Førstekandidat Sveinung Rotevatn i Sogn og Fjordane Venstre.

Foto: Pressefoto

– Den heldigaste regjeringa i verda brukar over 1000 milliardar på statsbudsjettet, men løftar ikkje ein finger for dei 1000 fattige borna i fylket, seier Sveinung Rotevatn.

Sogn og Fjordane Røde Kors har påvist at talet på fattige born i fylket aukar. Tal frå Statistisk Sentralbyrå syner at 4,7 prosent av borna i Sogn og Fjordane lever under EU si fattigdomsgrense. Det svarar til at 1000 born i fylket lever i fattigdom

– Gløymer dei som treng det mest

Rotevatn meiner regjeringa gir mykje til dei som har mest frå før, men gløymer dei som har mest trong for ei handsrekning.

– Det som kjem til å stå att etter åtte år med raudgrønt styre, er ein auke i barnefattigdomen. Det er grunn nok til å skifte regjering. Då regjeringa tok makta lova dei å avskaffe fattigdomen. Dette budsjettet gjer det motsatte.