Hopp til innhold

1000 born i Sogn og Fjordane lever under EU si fattigdomsgrense

Så mange som 40 born ikkje får plass på gratisferien på Hauglandssenteret. det er eit signal om at mange ungar lever fattig, meiner Sogn og Fjordane Røde Kors.

Ferie for alle

TILBYR GRATIS FERIE: Men likevel har ikkje generalsekretær i Røde Kors, Åsne Havnelid (til venstre) og Bente Halvorsen i Sogn og Fjordane Røde Kors, plass til alle.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

I år er om lag 200 samla på Røde Kors sitt ferietilbod «ferie for alle» på Hauglandssenteret i Fjaler. Men ikkje alle får vere med.

40 born får ikkje delta

«Ferie for alle» er eit gratis tilbod frå frivillige som tek imot familiar som ikkje har råd til å reise på ferie med borna sine.

Aldri før har så mange søkt om å få delta, og tilbodet er så populært at heile 40 born ikkje får plass på gratisferien. Bente Halvorsen i Sogn og Fjordane Røde Kors meiner fattigdommen i fylket vert større og større.

– Eg ser at det dei siste par åra har utvikla seg til at stadig fleire søkjer, seier Halvorsen.

1000 barn under grensa

Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå lever 4,7 prosent av borna i Sogn og Fjordane under EU si fattigdomsgrense. Det svarar til at 1000 barn her i fylket lever fattig.

Halvorsen trur det er vanskelegare å ha dårleg råd i Sogn og Fjordane enn på større stader.

– Det er færre av dei og det er også eit meir gjennomsiktig samfunn.

Halvorsen meiner at born som lever under fattigdomsgrensa vil vere ei store humanitær utfordring framover.

– Der det er sosiale forskjellar mellom born veit vi at det går utover helsa deira, og det går utover utdanninga. Så når vi kan prøve å gi dei gode opplevingar så trur eg at det kan hjelpe dei med å kjenne meistring, og takle ein elles vanskeleg kvardag, seier ho.

– Store konsekvensar

For 12 år sidan var det nær halvparten så mange born som opplevde fattigdom i familien i Sogn og Fjordane. Og ingen av kommunane i fylket har redusert talet, tvert om har det auka for kvart år. Konsekvensane er store, seier generalsekretær i Røde Kors, Åsne Havnelid

– Det er klart det er eit stort tal når innbyggjartalet er på i overkant av 100 000. Om vi ser på landsbasis så er det meir enn 74 000 born som ikkje har moglegheit til å reise på ferie, seier Havnelid.

Ho meiner vi alle har eit ansvar for å bidra, anten det er organisasjonar, myndigheiter eller andre.

– Blir du utelaten allereie som born og ikkje får ta del i vanlege aktivitetar som dei fleste born får vere med på, så kan det prege deg gjennom heile livet, seier generalsekretæren.

Treng meir pengar

No må noko gjerast slik at fleire born kan få tilbod om gratis ferie, meiner Havnelid.

– Vi jobbar jo tett med myndigheitene sentralt, og vi får midlar også frå departementa for å kunne ha «Ferie for alle». Men vi må jobbe endå hardare så vi kan få endå meir ressursar slik at fleire born kan vere med.

Sterke opplevingar

For det gir mykje å kunne gi desse borna ei god oppleving, seier Bente Halvorsen.

– Sånn som i går så var eg med i bassenget, og der var det mange som sklei i sklia for første gong. Når du ser dei forventningsfulle blikka og den spenninga det er for dei å skli ned den sklia, det er uforgløymeleg å sjå.