Helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen annonserte i fjor at han ville ha ei auka satsing på psykiatri.
6 millionar kroner ekstra fekk Helse Bergen til psykiatrien i år, og det kallar avdelingssjef Kristin Jordheim Bovim ein hån.
- Puslete
Helse og sosialminister Ansgar Gabrielsen lova i fjor ei storatsing på psykiatri. Foto: NRK
- Det var så puslete og vi var så inderleg skuffa for då hadde vi verkeleg planar. Vi rekna med at no kjem det ei satsing, no har dei lova det, no har dei skjønt det, seier Bovim.
Dei 6 millionane ekstra som gjekk til psykiatrien i Helse Bergen i år, er ikkje den storsatsinga Bovim hadde håpa på.
Denne summen har ikkje klart å sette ein stoggar for problemet med for få plassar, og dermed tidlege utskrivingar ved det psykaitriske akuttmottaket.
- Det som har skjedd det siste året er ein gedigen nedtur sett frå sjukehuset si side, meiner Bovim.
Brannsløkking og førstehjelp
I går høyrde vi om plassproblem ved Sandviken psykiatriske sjukehus. I mai månad måtte kvar femte akuttpasient ligge på gangen. Ved Haukeland universitetssykehus fører plassmangel til at mange ikkje får den behandlinga dei burde ha fått, meiner Bovim.
- Det blir veldig brannslukking, og det blir førstehjelp. Veldig ofte så får ein kjensla av at pasientane får for kort tid. Du har ei litt uggen kjensle av at du ikkje har fått gjort nok og at det ikkje kjem til å halde.