Hopp til innhold

- Pårørande må få betre tilbod

- Vi har ikkje godt nok tilbod i dag, meiner Kari Lossius ved Stiftelsen Bergensklinikkene om hjelpa pårørande til rusmisbrukarar kan få i dag.

Ole Christian Reusch og Kari Lossius

Fagdirektør for psykisk helsevern i Helse Førde, Ole Christian Reusch og Kari Lossius frå Stiftelsen Bergensklinikkene drøfta temaet også etter at ettermiddagssendinga var slutt.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ho meiner både tilbodet i dag har for lite kompetanse, og at det er alt for vanskeleg for pårørande å få hjelp.

- Eg ynskjer meg eit lågterskel tilbod med høg spesialkompetanse, som tek vare på desse folka annleis enn vi har gjort i dag, seier ho.

- Tungrodd å få hjelp

NRK Sogn og Fjordane har denne veka sett fokus på livet med rus . I ettermiddagssendinga fredag vart problemstillinga debattert av Lossius, Olav Lunden (fylkesleiar i KS), Ole Christian Reusch (fagdirektør for psykisk helsevern i Helse Førde), og Kari Henriksen (statssekretær i Helse).

HØYR: Debatt om rus

- Det er tungrodd å få hjelp. Det er også slik at du frå hjelp ikraft av at det er ein pasient i behandlingsapparatet, seier Lossius.

Video nsps_upload_2009_3_20_18_56_15_1299.png
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

"Drop in"-klinikkar

Ho ynskjer seg fleire "drop in"-klinikkar, av typen som i dag er etablert i Stavanger, Sandnes og Oslo.

- Der kan du stikke innom sjølv om du ikkje er definert pasient for å få råd og hjelp, og du kan få moglegheit til vidare behandling. Mange treng å bli ynskt velkommen. Skyldproblematikken gjer at mange vegrar seg for å ta kontakt, seier klinikksjefen.

Må ha henvisning

Lossius meiner det må bli enklare for pårørande å få hjelp.I Helse Førde kan ein få hjelp ved poliklinikken. Dei har også samtalegrupper for pårørande til registrerte pasientar.

- Det betyr at pårørande til rusmisbrukarar som ikkje er registrert som pasientar, vil vi ikkje nå på denne måten, fortel Reusch og legg til at pårørande og rusmisbrukarar også ber spesialkonsulentar om råd.

- Men vi behandlar ingen utan at det kjem ei henvisning, legg han til.

Video nsps_upload_2009_3_17_19_41_43_950.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

1,6 mill. til kurs

Statssekretær Henriksen vedgår at tilbodet ikkje alle kommunar har godt nok tilbod. Kommunane kan i dag vende seg til det nasjonale kompetansenettverket "Barns beste" for å få tips om ulike tilbod.

- Men vi held på å bygge opp gjennom våre tilskot til fylkesmennene. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fått 1,6 millionar kroner til kurs også for pårørandegrupper, seier ho.

Blir betre

Helse Førde skal i neste veke handsame rusplanen. Der vil venteleg eit institusjonstilbod for rusmisbrukarar på Tronvik bli banka igjennom. Her er det også eit dagbehandlingstilbod med fire familieplassar. Reusch vedgår at det rusfaglege miljøet er lite i Sogn og Fjordane.

- Men med institusjon i Høyanger og på Eid, så blir ein mykje flinkare til å bygge opp kompetansen. Vi skal også ha fysiske stadar der pårørande kan ringe og få støtte og hjelp. seier han.