Hopp til innhold

- Ordføraren må orsake

Ba Torodd Urnes gå fram på talarstolen og be lustringane om orsaking.

Steinar Bruheim

Steinar Bruheim gjekk til åtak på vedtaket om badelandet.

Foto: Arve Uglum / NRK

- Medieutspela dine stigmatiserer bygdefolket. Når du seier dei ikkje har kunnskap til å ta standpunkt på eige grunnlag er det svært uheldig. Ordføraren skal vere ein samlande figur. Slik du står fram har det ført til endå meir splitting . Eg håpar du kan kome fram på talarstolen og be folk i Luster om orsaking, sa Steinar Bruheim frå talarstolen i Luster kommunestyre.

Følg kommunestyremøtet i Luster i nett-TV

Utsegnene frå Venstre-representanten frå Jostedalen heva temperaturen fleire hakk i den avgjerande debatten rundt Luster Bad. Der gjekk han mellom anna til åtak på formannskapet sitt vedtak for badelandet.

- Det vedtaket formannskapet gjorde er elendig politisk handtverk. Det er talmagi, sa Bruheim.

- Eg hadde kvidd meg for å stå opp om morgonen om eg hadde svartmåla kommunen vår slik du gjer, svarte partileiaren i Luster AP, Stein Olav Njøs.

Les alt om striden om badelandet