Med 19 mot ti røyster gjekk kommunestyret i Luster inn for Luster Bad. Eit badeanlegg til 91 millionar kroner.
- BLI MED I DEBATTEN:
- Dei som kjenner meg frå symjebassenget i Jostedalen blir nok overraska når eg seier det; men eg skal bade minst ein gang i det nye badelandet i Gaupne, sa Simonsen etter at vedtaket var eit faktum.
- Må følgje opp
Han har vore imot anlegget heile vegen. Og røysta imot også i kommunestyret. Men etter nederlaget i avrøystinga, var Simonsen likevel ingen slagen mann. Han vonar at kommunen kan overvinnen spliden som er skapt som følgje av badeanlegget.
- Dette kan gå utover grunnleggande velferdstenester som skular, barnehagar og kommunale vegar. Det er grunnen til at eg røysta imot. Men no er vedtaket gjort, og då er det opp til oss som tapte saka å følgje det opp så godt vi kan i framtidige vedtak, sa han.
Nøgd ordførar
Debatten i kommunestyresalen var til tider spiss, og varte i over tre timar. Spesielt utfallet til Steinar Bruheim (V) om at
førte til mange replikkar. Etter møtet var Torodd Urnes ein godt nøgd ordførar.- Eg er veldig nøgd med at det nesten vart to tredjedels fleirtal for å bygge badet. Debatten gjekk veldig greitt føre seg. Eg trur nok at dette skal vi klare å løyse. Badet vil bli eit løft for kommunen og dette skal vi stå saman om, sa han.
Opnar 2012
På vårparten 2010 blir spaden sett i jorda. Sommaren 2012 kan både ordførar Urnes, Simonsen og resten av lustringane ta på seg badekleda, og kaste seg i bassenget i Luster Bad. Urnes har tru på at planane let seg realisere.
- Vi har aldri vore så nærme som vi er no, og då må det bli veldige overskridingar og slikt. Om vi ikkje klarer å halde oss til det vi har på budsjettet, så blir det usikkert, sa Urnes.