Stortingsrepresentanten for Høgre kjenner ikkje til at regjeringa har gitt noko aktiv forklaring på at tilskotet på over ni millionar kroner er fjerna i budsjettforslaget. - Det er nok den generelle budsjettsituasjonen som er skuld i at her ikkje har kome midlar, seier Hoddevik til NRK Sogn og Fjordane.
Reikvam protesterer
- Eg synest å erindre at denne skulen har vore gjennom liknande prosessar i alle dei budsjettåra eg kan hugse, med skiftande regjeringar. Skulen har hatt mange vener i Stortinget, slik at skulen har berga tilskota i forhandlingane om budsjettet, seier Hoddevik.
Rolf Reikvam
Utsegna får leiaren i Utdanningskomiteen på Stortinget, Rolf Reikvam (SV), til å protestere kraftig. - Det er feil at tilskotet til UWC har vore ei sak kvart år. Det er første gang det er foreslått å leggje ned skulen, og å fjerne tilskotet i sin heilskap. Tidlegare har vi diskutert ein million frå eller til, men dette er ein dramatisk ny situasjon, seier Reikvam.
- Høgre bør berge skulen
Reikvam legg breisida til når han kommenterer Hoddeviks utsegn om at det no er opp til opposisjonen å berge den internasjonale skulen i Flekke: - Det er ganske utruleg det Hoddevik no seier. Her foreslår regjeringa å leggje ned ein skule, og så seier han at opposisjonen skal redde han. Viss regjeringa vil, og viss Høgre vil, så kan dei vere med å sikre denne skulen framleis drift, seier Reikvam.