Det nybygde psykiatrisenteret må starte opp med mykje mindre kapasitet enn det som var planlagt. Når institusjonen opnar er det med færre stillingar og sengepostar enn det full drift inneber.
Skal satsast på psykiatri
Regjeringa har varsla at det skal satsast på psykiatri, og Stortinget har vedteke at det psykiatriske behandlingstilbodet skal styrkast. Men i Sogn og Fjordane let resultata vente på seg. I haust var det uvisst om den nye barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling i Førde i det heile teke ville bli opna. Etter mykje styr vedtok styret i Helse Førde at avdelinga skulle komme i drift frå august 2004.
- For knappe midlar
No står Indre Sogn Psykiatrisenter snart klart til innflytting i Sogndal, men også der er blir midlane som er løyvde for knappe til full drift. Det nye bygget til 85 millionar kroner opnar i mai, men senteret får langt færre stillingar enn planlagt.
- Råkar dei verst stilte
Det fører mellom anna til at dei ikkje kan tilsetje ein rusmiddelkonsulent til, slik planen var. Senteret får heller ikkje midlar til å auke talet på sengepostar frå 15 til 17. Det råkar dei verst stilte, seier administrasjonssjef Kristoffer Skjolden. - Vi må redusere psykoseposten til seks sengeplassar, vi har ikkje personale nok til å ta inn fleire på den posten. Dette vil bety at alvorleg sjuke folk ikkje vil sleppe til, seier Skjolden.
- Skuffande
Skjolden legg ikkje skjul på at han er og dei andre tilsette ved psykiatrisenteret kjenner seg snytte over stoda. - Det er skuffande. Vi ser på dette som ikkje godt nok når vi skal gå i gang på ein ny plass. Vi hadde håpa at vi skulle kunne yta dei tenestene det er bruk for i Indre Sogn når det no vert opna eit nytt senter. seier Skjolden. Han meiner at helseministeren bør gripe inn for å få psykiatrien på rett veg.
Avviser kritikken
Tore Thorsnes
Styreleiar i Helse Førde, Tore Thorsnes, avviser kritikken som har kome fram i dag. - Dette handlar ikkje om at vi har prioritert feil, seier han. - Dette er ein type feilinformasjon som vi har behov for å rydde opp i. Vi satsar like mykje på psykiatrien i Sogn og Fjordane som dei gjer i andre regionar. Men vi skulle sjølvsagt sett at opptrappingsmidlane var av ein heilt annan størrelse enn det vi har, seier Thorsnes.