Hopp til innhold

- Må vurdere støtta til pelsfarmane

Nils P. Støyva, fylkesleiar i Arbeidarpartiet, meiner den statlege støtta til pelsdyrnæringa må vurderast på nytt.

Nils P. Støyva
Foto: Vegar Erstad / NRK

Han meiner det er naudsynt etter dei siste avsløringane om dyremishandling i pelsfarmane.

- Slik dette har utvikla seg no, så bør ein vurdere dette på nytt. Men før ein gjer det, så må ein vente på rapportar frå Mattilsynet som eit offisielt organ, seier han.

Krev snarleg betring

Bilete av revekvelpar med avrivne føter og øyrer, for små bur og elendig reinhald er berre noko av det som er blitt presentert i media den siste tida. Dette er syn som Netteverk for dyrs frihet seier dei har møtt under inspeksjonar i norske pelsydrfarmar.

50 oppdrettarar er melde til politiet og landbruksministeren kravde snarleg betring av forholda.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video nsps_upload_2009_8_27_19_33_11_100.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

37 millionar i støtte

Kring 400 pelsdyrfarmar omsette for 300 millionar kroner i fjor. Dei fekk 37 millionar kroner i statleg støtte, noko som utgjer i underkant av 100 000 kroner per farm. Om ikkje velferden blir betre, må støtta bort, meiner Støyva.

- Ein kan ikkje leve med ei næring som har slik framferd. Dette må bli betre, seier han.

Urettferdig behandla

Pelsdyrnæringa i Sogn og Fjordane har om lag 60 årsverk fordelt på 40 farmar. Leiar i Fjordane pelsdyrlag, Vidar Heggheim, hevdar pelsoppdrett er ei viktig næring som står i fare for å bli rasert. Han meiner enkelte politikarar ukritisk kjøper dyrevernarane sin argumentasjon.

- Vi kjenner oss urettferdig behandla. Vi blir dømde berre med ein organisasjon som vil ha oss vekk og som vil forby oss. Dei brukar alle midlar for å gjere det. Det er vanskeleg å forsvare seg mot slike ting, seier han.