Hopp til innhold

Pelsdyrfarmar politimelde

Fem pelsdyrfarmar i Sogn og Fjordane er melde til politiet.

Skadd rev i Gloppen

Dette biletet er teke på ein revefarm i Gloppen, opplyser Nettverk for dyrs frihet.

Foto: Nettverk for dyrs frihet

Det er organisasjonen Nettverk for dyrs frihet som har meldt farmane til politiet for det dei meiner er grov mishandling av rev og mink.

– Forferdelege forhold

I sommar har medlemmer i organisasjonen teke seg inn på gardar over heile landet og filma det dei meiner er dyremishandling.

– På alle dei fem gardane dyrevernarane var på i Sogn og Fjordane var det forferdelege forhold, seier Tone Andal i Nettverk for dyrs frihet.

I alt 45 pelsdyrfarmar

I alt er 45 pelsdyrfarmar i Norge melde til politiet av organisasjonen, som seier dei fann skadde dyr med til dels alvorlege ubehandla skadar på alle farmane dei var innom. Medlemmene i Nettverk for dyrs frihet har teke 7000 foto for å dokumentere påstandane sine.