Hopp til innhold

- Liv Signe Navarsete braut reglane

Liv Signe Navarsete braut reglane til Stortinget då ho ikkje oppga at ho hadde fått eit armband til 26 500 kroner.

Liv Signe Navarsete døyper "Bergensfjord"
Foto: Simon Solheim

Det skriv VG Nett i dag. Armbandet i kvitt gull fekk Navarsete då ho døypte ein båt i Florø for det Røkke-eigde Aker Yards i 2006.

I retningslinjene står det at gåver eller økonomisk yting verd meir enn 2000 kroner, skal førast inn gaveregisteret til Stortinget. Dette gjorde ikkje Narvarsete.

Var i registeret

Fram til 2008 var det frivillig i registrere seg. Men dei som hadde registrert seg, var forplikta til å oppgje alle økonomiske interesser. Og som ein del av Stoltenberg-regjeringa i 2006, meldte ho seg inn då ho var samferdsleminister.

Navarsete vil ikkje uttale seg til avisa, men i epost til VG formidlar statssekretæren hennar dette svaret.

– Eg var ikkje tilstrekkeleg merksam i forhold til Stortingets register. Eg burde registrert gåva, men det vart desverre ikkje gjort.

Får ikkje behalde gåvene

Fredag vart det kjent at Statsministeren innfører nye reglar som hindrar statsrådar i å behalde gåver dei mottek i embets medfør. Regelverket kom som resultat av dei siste dagane med stor merksemd knytt til gåver som fleire ministrar har fått.

Navarsete har no leverte armbandet frå seg, og det bli leveret tilbake til gjevaren.