Hopp til innhold

Meiner det er blitt legitimt å diskriminere nynorskbrukarar

”Nynorsk er det største tullet jeg noen gang har vært borti” og ”Nynorsk er noe oppkonstruert sprøyt”. Det var litt av responsen Atle Hamar fekk då han i eit VG-innlegg skreiv at det var blitt legitimt å diskriminere nynorskbrukarar.

Atle Hamar

OSLO: Atle Hamar vil at folk i hovudstaden skal gå i bresjen for både bokmål og nynorsk.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Er det greitt å kutte ut opplæring i sidemål, som for mange betyr nynorsk i skulen? Debatten har rasa lenge og vart høgaktuell då Utdanningsdirektoratet i januar føreslo å fjerne eksamen og eigen karakter i sidemål. Mange oppfatta dette som eit angrep på nynorsken, og både politikarar, målfolk og andre har teke til orde i debatten.

I ein kronikk i VG måndag skriv direktør i Lotteri- og Stiftelsestilsynet at det har blitt legitimt å diskriminere nynorskbrukarar her i landet. Han meiner hovudstaden må gå i bresjen for å sikre ei framtid for både nynorsken og bokmålen.

– Nynorsk og bokmål kan gå hand i hand dersom det er openheit og toleranse kring dette, seier Atle Hamar til NRK.no.

– Bør styrke utdanninga

I kronikken sin viser Hamar til ein representant i Oslo bystyre som nyleg sa at han ikkje var i stand til å lese nynorsk.

Dette har falle lotterisjefen tungt for brystet. Om dette verkeleg stemmer er det eit bevis på at ein må styrke opplæringa i sidemål, og ikkje svekkje det, skriv han i kronikken.

Skulle denne representanten ende opp på stortinget ville det bety at han ikkje ville vere i stand til å lese dokument i ei rekkje viktige saker, skriv Hamar.

– Ein demokratisk rett

Sjølv er Hamar stolt av å kunne gjere seg forstått på begge målformene. I jobben som sjef for Lotteri- og Stiftelsestilsynet nyttar han seg av begge målformene, på lik linje med dei andre tilsette.

– Det er ikkje vanskeleg, vi brukar begge språk. Vi følgjer forvaltningslova, og svarar på det språket folk tek kontakt med oss på, seier han til NRK.

Han meiner mållova, som krev at offentlege organ svarar på det språket dei får inngåande brev på, i seg sjølv eit godt argument for at nordmenn skal kunne skrive både på nynorsk og bokmål.

– Det er ein demokratisk rett å få svar frå det offentlege på sitt eige hovudmål, skriv han i kronikken.

– Ville ikkje halde seg til rundskriv på nynorsk

Hamar vedgår at tilsynet truleg nyttar seg av litt meir nynorsk i sine publikasjonar og rundskriv, enn det andre direktorat og tilsyn gjer. Mykje av årsaka er at for Lotteri- og Stiftelsestilsynet er lokalisert midt i Sogn og Fjordane, eit av kjerneområda for nynorsken.

Men det å nytte seg av nynorsk i kontakt med omverda er ikkje alltid like enkelt. Hamar fortel for eksempel om ein Lions-klubb som sa at dei ikkje kunne halde seg til innhaldet i rundskrivet fordi det var skrive på nynorsk.

– Vi smilte litt av det, for det er ein del av haldningane vi møter, seier Hamar til NRK.no.

«Legitimt å diskriminere»

I kronikken sin skriv han vidare at det ikkje passar seg at nynorskbrukarar skal oppleve å bli diskriminerte slik han meiner dei blir i dag.

«På nettsidene våre er vi 100 prosent tospråklege, i motsetning til mange andre offentlege organ. Dette er eit døme på korleis nynorskbrukarane blir diskriminerte. Ja, nynorskbrukarane er på sett og vis ei gruppe som det er legitimt å diskriminere her i landet. Vi blir diskriminerte fordi vi brukar eit skriftspråk vi er glade i, og som gir oss identitet. Slikt sømer seg ikkje ein kulturnasjon», skriv han i kronikken.

Hamar meiner debatten om våre to jamstilte språk bør løftast opp på eit anna nivå.

– Vi må vere stolte over at vi har ein tradisjon med to jamstilte språk, seier Hamar.

Vil heller ha ei ku på vitnemålet

Reaksjonane på kronikken har ikkje late vente på seg. I kommentarfeltet på VG. nett var det mange som meinte nynorsk ikkje høyrer heime i skulen.

«Nynorsk er det største tullet jeg noensinne har vært borti, hvorfor har ingen kommet med forslag om valgfrihet før nå? Jeg vil gjerne ha muligheten til å fjerne nynorsk karakteren min fra vitnemålet, kunne heller hatt bilde av en ku på vitnemålet, enn nynorsk», skriv ein debattant i kommentarfeltet på VG.nett.

«Nynorsk er noe oppkonstruert sprøyt, som koster samfunnet millioner på millioner og gjør offentlig administrasjon enda mer tungrodd enn den ellers ville vært. Dessuten forårsaker nynorsken i skolen, at titusener av elever venter på skolebøker til langt ut i semesteret, og mister verdifull undervisningstid. Nynorsk er en sær særinteresse som spesielt interesserte kan pusle med på fritiden», skriv Ole Hovengen i kommentarfeltet under Hamar sin kronikk i VG.

– Reine fordomar

Desse innlegga kom ikkje overraskande på Hamar.

– Eg veit at desse haldningane kjem til uttrykk når du frontar ein slik bodskap som eg gjer, seier han og legg til:

– Men dette viser nettopp at det ikkje er kunnskap desse synspunkta er tufta på. Det er heller ikkje mykje refleksjon som ligg i dette. Det er reine fordomar som ein har fått med seg, seier Hamar.

I kronikken viser Hamar til at det nettopp er motstanden frå bokmålsbrukarane som har gjort til at ein framleis har to jamstilte målføre i Norge. Nettopp difor ventar han også at folk her tek konsekvensen av det.

– Ja, eg ventar at Oslo som landets hovudstad i framtida går i bresjen for begge dei jamstelte norske skriftspråka. For Oslo er også nynorskfolkets hovudstad, skriv Hamar i kronikken.