Hopp til innhold

Eksplosiv medlemsauke i Mållaget

På berre to veker har Noregs Mållag fått 1200 nye medlemmar. Det har aldri skjedd før, fortel leiaren som seier dei har fått meir slagkraft som organisasjon.

Håvard B. Øvregård

VIL KJEMPE FOR NYNORSKEN: På berre to veker har det strøyma til 1200 nye medlemmar til Mållaget. Det er leiar Håvard B. Øvregård glad for.

Foto: Montasje /Hege Lothe/Flickr)

– Det går ei målpolitisk bølgje over landet, seier Håvard B. Øvregård som er leiar i Noregs Mållag.

– Vi har aldri opplevd noko liknande, seier han.

Språkdebatten rasar i by og land

Debatten om framtida til sidemålet i skulen rasar landet over. I slutten av januar vart det kjent at Utdanningsdirektoratet vurderer å kutte både standpunktkarakter og eksamen i norsk sidemål. Forslaget vart fronta av kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV).

Forslaget har blitt møtt med kraftige protestar, både internt skulepartiet SV, men også frå fagfolk og målrørsla. Også direktøren i Språkrådet mislikte forslaget, og meinte det ville undergrave det overordna språkpolitiske målet i Norge om at nynorsk og bokmål skal vere to likestilte språk.

Førre veke sa kunnskapsministeren at ho ville be Utdanningsdirektoratet greie ut eit konkret forslag om obligatorisk sidemålseksamen i 2. klasse på vidaregåande skule. Ein slik eksamen vil i så fall erstatte dagens standpunktkarakter.

– Dette var dråpen

Noregs Mållag står no endå sterkare rusta når dei gjer seg klare til å kjempe for nynorsken i skulen. Det strøymer framleis på med nye medlemmar, seier Øvregård.

– Veldig mange har late seg provosere av framlegget frå Utdanningsdirektoratet. Dei over tusen nye medlemene ynskjer å stå opp for nynorsken spesielt og språk generelt, seier Håvard B. Øvregård.

– Den diskusjonen som har vore i media engasjerer veldig mange. Mange av dei nye medlemmane som eg har snakka med seier at det som no har skjedd var dråpen som fekk dei til å melde seg inn, seier han.

Har auka medlemstalet med over ti prosent

I 2011 hadde Noregs Mållag 10 400 medlemmar totalt. At dei no har fått 1200 nye på berre 14 dagar, betyr ein medlemsauke på over ti prosent.

– Det skal bli svært spennande å sjå korleis dette utviklar seg utover året, seier Øvregård.

– Gir dette organisasjonen meir slagkraft?

– Det er klart medlemstalet har stor påverknad for kva vi kan gjere politisk. Vi er ein av dei store nasjonale organisasjonane, og det å ha over 10 000 medlemmar er veldig mykje. Det er til dømes mange politiske parti som ikkje har så mange, seier Øvregård til NRK.no.

Han seier vidare at eit raskt oversyn syner at det er særleg mange i 20- og 30-åra mellom dei nyinnmelde. Ei overvekt av dei bur i og rundt Oslo og Bergen, men Øvregård seier den geografiske spreiinga er stor.