Hopp til innhold

- Ingen akuttmedisin utan anestesi

– Regjeringa sitt vedtak om lokalsjukehuset på Nordfjordeid er umogleg gjennomføre, seier overlege og styremedlem i Helse Førde, Rune Larsen.

Rune Larsen

MÅ KALLE EI SPADE FOR EI SPADE: Lege Rune Larsen meiner sjukehuset må kallast lokalmedisinsk senter om anestesi blir fjerna.

Foto: NRK

Larsen som har følgt akuttmedisin-tenesta i fylket i 19 år, meiner at skal ein oppfylle regjeringa sitt vedtak om å ha akutt indremedisin som i dag, vil ikkje det vere forsvarleg utan anestesi og røntgen.

– Dersom vi skal oppfylle vedtaka til regjeringa om å ha akutt indremedisin, så skal vi ha dei same pasientgruppene. Eg kan ikkje sjå at det kan gjerast på ein forsvarleg måte utan anestesi og røntgen.

Legeforeininga åtvara

Frå før har leiar i Legeforeningen, Torunn Janbu, åtvara mot at lokalsjukehus i framtida skal kunne vere utan anestesi. I Nordfjord er nettopp dette situasjonen, både helsedepartementet og Helse Førde vil fjerne anestesien.

– Lokalsjukehus med akuttmedisin må ha anestesilege, seier ho.

– Kall ei spade for ei spade

Larsen seier ein kan fått til forsvarleg tilbod også utan anestesi, men då må ein kalle ei spade for ei spade og seie at det ein då snakkar om er eit lokalmedisinsk senter.

– Helse Førde vedtok i fjor ein plan der vi skulle lage distriktsmedisinsk senter på lokalsjukehusa. Det vil vere forsvarleg då alle veit at det er det vi har. Men å kalle det akutt indremedisin som i dag, og så skal viktige pasientgrupper ikkje få tilbod, det heng ikkje i hop.