- Eg blir oppgitt når avtaler blir brotne på denne måten, seier Longva.
Sjokkmeldinga kom i går: I alt vil 120 arbeidarar misse jobben allereie til hausten. 90 tilsette ved Hydro og kring 30 vedlikehaldsarbeidarar i Kværner kjem til å misse jobben raskare enn planen.
Overraskande

Kjartan Longva. Arkiv NRK.
Dei som har trudd på Hydro så langt har fått seg eit skot for baugen. Det kom overraskande på alle i går at Hydro vil legge ned C-hallen i Høyanger eit år tidlegare enn planlagt. Dermed får kommunen altfor lita tid til å omstille seg.
- Vi trudde vi hadde tida fram til 1. januar 2007. Vi har ein del prosjekt på gang som vi kunne få til slik at vi kunne halde arbeidsplassane i Høyanger, men desse arbeidsplassane hamnar no andre stader i landet, seier Longva.
Avtalebrot
Fagrørsla protesterer på det kraftigaste og meiner toppleiinga driv eit sololøp og bryt Hovudavtalen. Hydro har gjort heilomvending no fordi dei har ledige jobbar å tilby dei overflødige i Høyanger andre plassar i landet, og Longva fryktar at bygda blir rasert.
Situasjonen er så alvorleg at Longva allereie har informert det politiske miljøet i Oslo, og han trur dette vil få store følgjer for heile Sogn og Fjordane.