Hopp til innhold

- Helse Førde taper

Stortingsrepresentant Åge Starheim frå Framstegspartiet meiner Helse Førde er taparen i ein intern kamp om pengane i Helse Vest.

Åge Starheim
Foto: NRK

Magnussen-utvalet som ser på inntektsmodellen i Helse Vest har kome med eit forslag der Helse Førde får eit inntektskutt på 12 millionar kroner i året.

Fleire går i mot

Og høyringsframlegget vekkjer sterk harme her i fylket.

Måndag kom det fram at styremedlem i Helse Førde, Kjell Nygård meiner det vil vere uforsvarleg å kutte ytterlegare ved sjukehusa.

Heller ikkje stortingsrepresentant frå Framstegspartiet, Åge Starheim vil godta eit slikt forslag.

- Vi har vel no fått beviset for at Helse Vest legg opp til å presse Helse Førde til å foreta strukturelle endringar. Med det dei har gjort no synst eg det ligg klart i dagen, seier Starheim.

Intern dragkamp

- Når midlane blir så små at det går ut over fleire, så resulterer det ofte i intern dragkamp, seier Starheim.

Sogn og Fjordane sine representant i utvalet, er Nils P. Støyva som sit i styret i Helse Vest.

- Vi får sjå om Støyva er i stand til å få fram dette og får gjort noko med det når Helse Vest skal behandle saka, seier Framstegspolitikaren.

- Ikkje akseptabelt

Også Støyva er negativ til kuttforslaget.

- Eg vil sjølvsagt arbeide for at Helse Førde ikkje skal få desse kutta, det er ikkje akseptabelt, seier Støyva.

Meir vil ikkje Støyva seie før tilrådinga frå administrasjonen er klar. Men han trur likevel saka skal løysast på best mogleg måte.

- Kutta som her er skissert er ikkje mogleg for Helse Førde å gjennomføre.