- Vi i aksjonane finn ikkje på argument for manglande tryggleik. Det er helse Førde som skaper denne kjensla av manglande tryggleik. Vi målber frykta til folk, seier Hauge.
- Grunnlaus frykt
Det var på gårsdagens styremøte i Helse Førde at fylkeslege Petter Øgar tala dei mange sjukehusaksjonistane midt i mot. Øgar meiner at aksjonistane i Nordfjord og Lærdal har skapt ei grunnlaus frykt hos folk. Han seier at tryggleiksargumentet har vorte nytta på ein lite nyansert og lite edrueleg måte. (Sjå - Aktivistane skaper frykt.)
At reisetida til sjukehuset kan bli lenger er eit mykje brukt argument for aksjonistane, til dømes om ei kvinne som har ein komplisert fødsel i Lærdal må fraktast til Førde eller Voss. Men reisetid gjer ikkje nødvendigvis helsetilbodet meir utrygt, seier Øgar.
- Tek feil
Men Øgar tek rett og slett feil. Det er Svein Hansen, leiar i aksjonsgruppa for Nordfjord Sjukehus og Bente Øien Hauge skjønt einige om.
- Vi har mange døme på at sjukebilen har svinga opp til Nordfjord sjukehus i siste liten, og alle og ein kvar kan tenkje seg kva som hadde vorte resultatet om vi hadde måtta reise vidare, seier Hansen. Han trur ikkje på utsegnene til fylkeslegen om at kutta er fagleg forsvarlege.
- Men viss det skjer noko akutt. Vil ikkje pasienten bli henta med helikopter?
- Jo, viss helikopteret kan lande den dagen. Og eg veit det er bekymringa hjå legane i Lærdal, fordi dei har opplevd å ringje etter helikopter og at det ikkje kan kome, seier Hauge.
- Spekulativt
Tore Thorsnes - foto Jostein Nyfløtt NRK.
Styreleiar i Helse Førde, Tore Thorsnes, er lei av at ver og vind og helikopter som ikkje kan lette blir brukt som argument.
- Behovet for helikopter dreier seg om ei handfull tilfelle i året, og det er spekulativt å snakke om denne type eksempel. Verda har endra seg både teknisk og kommunikasjonsmessig, og ambulansar utfører ei heilt anna teneste i dag enn for fem-seks år sidan, seier styreleiaren.
Kritikk av Helse Førde
Fylkeslegen er ikkje udelt positiv til arbeidet til Helse Førde. Øgar seier at sjølv om helsetoppane ikkje har gjort noko medisinsk uforsvarleg, så har dei bomma på å formidle dette vidare.
- Helse Førde bør ta det som ei oppgåve å fortelje folk kvar dei ulike akutte sjuke blir behandla i dette fylket slik at folk får eit realistisk bilete på kvar dette er.
- Illojale legar
Thorsnes tek sjølvkritikk på dette området.
- I støyen kring dette har vi ikkje vore flinke nok til å få denne informasjonen fram, og eg syns det er synd at det blir skapt ein slik ugrunna frykt hjå folk.
Men han skuldar på andre når det gjeld at Helse Førde ikkje har lukkast i å sette dagsorden.
- Det er ymse aksjonsgrupper og illojale legar som set dagsorden og skapar utryggleiken, seier Thorsnes.