Hopp til innhold

- Fortente fleire sjansar i Sogndal

Oddbjørn Skartun vart flaska opp på Fosshaugane, men fekk ikkje sjansen i 1. divisjon. No gjer 20-åringen stor suksess med Vard Haugesund.

Walter Laaksonen, Oddbjørn Skartun, Ulrik Flo, Dag Martin Fardal og Karl Oskar Emberland

Oddbjørn Skartun (i midten bak

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

På ti kampar er det blitt ni mål og sju målgjevande pasningar i rogalandsklubben som er ein av dei største reine fotballklubbane i landet.

- Pila peikar berre oppover. Eg har fått sjølvtillit og eg kunne ikkje håpa det kunne gå betre, seier Skartun.

Seks kampar på fire år

Men det er Sogndal som er barndomsklubben. Som 17-åring debutterte han som innbyttar 23. juli 2006 i 1. divisjonsoppgjeret mot Kongsvinger. Sidan har det blitt langt mellom kampane. Då han aksepterte låneavtale med Vard Haugesund, stod han bokført med seks obligatoriske kampar for Sogndal.

- Ut i frå dei prestasjonane eg hadde, både på 2. laget og slik eg stod på under trening, så tykte eg absolutt at eg fortente fleire sjansar enn det eg fekk. Eg kan vel ikkje seie at eg fekk ein sjanse, seier han.

Aktuelt med retur

Men dei gode prestasjonane i 2. divisjonsklubben, gjer at han igjen kan sjå lyst på fotballkarriera. Kontrakten med Sogndal går ut etter sesongen. Og både Vard Haugesund og andre 2. divisjonslag ynskjer å sikre seg tenestene hans. Likevel utelukkar han ikkje retur til Sogndal.

- Eg vil absolutt seie at det er aktuelt. Men då må dei seie at dei vil satse på meg og har trua på at eg kan bli ein 1. divisjonsspelar for dei. Om ikkje er det ikkje aktuelt å kome attende og sitte på benken for dei, seier han.

Lovar ikkje tilbod

Eit tilbod kan ikkje sportsleg koordinator i Sogndal, Håvard Flo, love Skartun. Dette fordi eit nytt sportsleg apparat tek over etter sesongslutt. Men Flo gratulerer han med suksessen i Rogaland, og forsvarar at han ikkje fekk fleire sjansar.

- Oddbjørn var alltid profesjonell og stod på og jobba. Men Sogndal er eit adeccolag med brei stall og veldig mange gode spelarar. Då blir konkurransen dertil høgare, seier Flo.