Hopp til innhold

Skattelistene er komne

Dei er sterkt mislikt, men også svært mykje nytta. I natt vart skattelistene lagt ut.

Skattelister 2008
Foto: Grafikk: nrk.no

I NRK sine skattelister for 2008 kan du sjå korleis inntekt og formue er fordelt i landet. Du kan sjekke di eiga inntekt, men kanskje vel så populært, sjekke kor mykje naboen, venene eller jamaldringane dine tente.

Informasjonen vert kvart einaste år frigjeve av Skatteetaten for publisering i media. Det er viktig å merke seg at tala ikkje er den endelege likninga for inntektsåret. Tala vert ikkje endelege før ein eventuell klage er slutthandsama. Lanseringa vekkjer debatt og sterke reaksjonar.